Import av legemiddel og urter

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Import av legemiddel og urter

Dersom du skal importere legemiddel og urter, må du ha løyve frå Direktoratet for medisinske produkter (DMP).

Det er ulike reglar for import avhengig av om norske styresmakter ser på vara som eit legemiddel, dopingmiddel eller eit kosttilskot. Mange varer vert selde som kosttilskot i utlandet, men vert rekna som legemiddel eller dopingmiddel i Noreg.

Det er klassifiseringa av vara etter DMP sine bestemmelser som er avgjerande, ikkje korleis avsendarlandet klassifiserer vara.

Merk at innførsel av radioaktive legemiddel krev innførselsløyve frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA). Sjå § 9 i) i strålevernforskrifta(åpner i ny fane)

Les meir om klassifisering av legemidler/kostilskot i tollariffen.

Relatert innhald

Oppdatert: 27.4.2026