Valuta

Valuta

Om du skal ha med deg valuta som tilsvarer meir enn 25 000 norske kroner til eller frå Noreg, må du melde frå til Tolletaten.

Grensa for valuta er 25 000 kroner

Det er ikkje forbode å ha med seg valuta eller andre betalingsmiddel over 25 000 kroner til eller frå Noreg, men du må melde frå om det (deklarere) før du reiser. Du skal ikkje betale avgift av beløpet. Regelen gjeld norske og utanlandske setlar, myntar, anonyme betalingskort (for eksempel gåvekort) og andre betalingsmiddel.

Du deklarerer beløpet ved å fylle ut eit deklarasjonsskjema. Du må fylle ut skjemaet i to eksemplar. Ut av Noreg leverer du skjema på næraste tollkontor i forbindelse med sjølve utreisa frå Noreg. Ved innreise til Noreg, må du gå på raud sone og levere skjema der.

Her finn du skjema for deklarering av betalingsmiddel.

Bruk oversikta vår for å finne næraste tollkontor og opningstidene deira.

Straffegebyr om du ikkje melder frå

Om du ikkje melder frå, risikerer du å måtte betale 20 prosent av heile beløpet i straffegebyr eller bli meldt til politiet.

Om du ikkje har meldt frå om beløp over 25 000 kroner, vil Tolletaten gi eit lovbrotsgebyr på 20 prosent av dei pengane du har med deg. Berekninga blir gjort frå første krone.

Har du for eksempel med deg 26 000 kroner og ikkje har deklarert, vil dette gi 5 200 kroner i lovbrotsgebyr.

Tolletaten beslaglegg heile beløpet ved mistanke om kriminalitet

Dersom Tolletaten mistenker at inn- og utførsel av valuta og andre betalingsmiddel er knytt til kriminalitet, melder vi forholdet til politiet. Vi beslaglegg då heile beløpet til saka er ferdig etterforska.

Overføring av pengar via bankar, finansinstitusjonar og betalingsføretak

Overføring av pengar til og frå utlandet via bankar og liknande skal du som privatperson ikkje rapportere til Tolletaten.

Bankar, finansinstitusjonar og betalingsføretak i Noreg rapporterer slike overføringar til valutaregisteret.

Les meir om valutaregisteret og rapporteringsplikt for bankar, finansinstitusjonar og betalingsføretak hos Skattetaten(åpner i ny fane).

Valutakalkulator

Her finn du Tolletaten sine valutakursar og valutakalkulatoren vår

Oppdatert: 19.6.2026