Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Reise til Noreg med skytevåpen
Du kan ta med deg våpen til Noreg dersom du skal delta i jakt, sportsskyting eller om du er våpensamlar og skal delta i aktivitetar knytte til dette. Det gjeld visse vilkår.
Før du reiser til Noreg, må du sjekke med dei lokale myndigheitene om du treng løyve for å føre våpen ut av landet du bur i.
Når du reiser inn med gyldig europeisk våpenpass
Dersom du fått europeisk våpenpass av myndigheitene i heimlandet ditt, treng du ikkje legge fram eller deklarere våpenet når du kjem til Noreg. Ved grensepasseringar med raud og grøn sone kan du gå på grøn sone.
Du må kunne vise både våpen og våpenpass på førespurnad. Dette gjeld når du skal vere i Noreg i inntil tre månadar.
Når du reiser inn utan europeisk våpenpass
Dersom du skal ta med deg skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon inn i norsk tollområde utan europeisk våpenpass, må du ha løyve frå politiet.
Du må oppfylle kravet til minstealder for den aktuelle våpentypen og ha gyldig våpenløyve frå heimlandet for å kunne innføre skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.
Det same gjeld om du midlertidig skal ta med deg skytevåpen som er deaktivert i samsvar med våpenlova § 27.
Du må søkje på eit fastsett skjema frå politiet. Søknaden må sendast til politidistriktet der du skal opphalde deg, seinast to månadar før innreise.
Søknadsskjema finn du på politiet sine nettsider
Når du kjem til Norge, må du kontakte tollmyndighetene og leggje fram våpenet og løyvet. Ved grensepasseringar med raud og grøn sone må du gå på raud sone.
Les meir om innførsel av våpen på politiet sine nettsider
Dokumentasjon du må ha med deg:
- gyldig våpenkort frå heimlandet
- gyldig legitimasjon
- dokumentasjon på kvifor du reiser til Noreg med våpen, for eksempel ein invitasjon til konkurranse eller dokumentasjon på at du har tilgang til jaktterreng i Noreg
- gyldig europeisk våpenpass dersom du har det. Alle våpen du har med på reisa må vere oppført i våpenpasset
- løyve til midlertidig innførsel dersom du ikkje har gyldig europeisk våpenpass
Når du reiser heim att
Reiser du tilbake til eit land innanfor EU/EØS med europeisk våpenpass, treng du ikkje å leggje fram og deklarere våpenet for tollmyndigheitene før du reiser ut av Noreg. Dette gjeld dersom du har vore i Noreg i kortare tid enn tre månadar.
Reiser du tilbake til eit land innanfor EU/EØS utan gyldig europeisk våpenpass eller til eit land utanfor EU/EØS, må du leggje fram og deklarere våpenet for tollmyndigheitene før du reiser ut av Noreg.
Du deklarerer våpenet ved å vise fram løyvet til midlertidig innførsel for tollmyndigheitene.
Kontakt politiet
Politiet har ansvar for regelverket om inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.
Ta kontakt med politiet på telefon 0 28 00 eller sjå politiet sine nettsider om våpen for meir informasjon om å reise med våpen inn og ut frå Noreg.
Regelverk og retningslinjer
Oppdatert: 16.9.2026