We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.

Autorisert avsendar

Ein autorisert avsendar kan under visse vilkår levere elektroniske transitteringsdeklarasjonar til Tolletaten.

Det betyr at avsendaren ikkje treng å legge fram varene eller deklarasjonen for tollmyndigheitene før avgang på , der transitteringa byrjar.

Ein autorisert avsendar kan dermed bruke ein forenkla transitteringsprosedyre.

Skal den hovudansvarlege for transitteringa starte ei transittering ved andre tollstadar enn det som er angitt i autorisasjonen, må han bruke “normal prosedyre”.

Om ein hovedansvarleg/autorisert avsendar ønsker å starte transittering under forenkla prosedyre ved andre tollstader enn det som autorisasjonen i dag omfattar, må han søke om dette hos Tolletaten.

Kontakt Tolletaten

For å sende søknad og om du har spørsmål.

Oppstart av ei transittering under normal prosedyre kan du gjere ved kva som helst avgangstollstad.

Vilkår for å bli autorisert avsendar

For å oppnå status som autorisert avsendar, må dei generelle vilkåra for forenkla ordningar vere oppfylt.

I tillegg må du ha ein universalgaranti eller eit garantifritak.

Søk om universalgaranti

Autorisasjonen

Ein autorisert avsendar kan bruke eit godkjent stempel på transitteringsdeklarasjonen. Du kan også stemple elektronisk. Stempelet viser blant anna avsendaren sitt autorisasjonsnummer.

Eventuelt kan informasjonen trykkast i tre eller fire linjer utan ramme med denne informasjonen:

  • Avgangstollstaden sitt namn og referansenummer
  • Deklarert godkjenningsdato og namn
  • Organisasjonsnummer på autorisert avsendar

Etter at overgangsordninga for implementering av NCTS fase 5 (New Computerised Transit System) vart avslutta 21. januar 2025, er det ikkje lenger krav om å bruke eit følgedokument på papir. Tolletaten anbefaler likevel å bruke følgedokument i ein overgangsfase inntil tollmyndigheitene i alle land kan lese strekkoden (MRN) frå ulike løysingar.

Dette skjer om du bryt krava

Om du får status som autorisert avsendar, må du overhalde krava som tollmyndigheitene stiller. Om du bryt krava, blir autorisasjonen trekt tilbake.

Eksempel på dette kan vere at du ikkje lenger har gyldig universalgaranti eller gjer deg skyldig i alvorlege brot på tollavgifts- eller skattelovgivinga.

Oppdatert: 19.8.2026