We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.
Autorisert mottakar
Ein tollagerhaldar kan søke om å bli autorisert mottakar. Tollagerhaldaren vil då få varer som er under transittering direkte til sitt eige lager. Det er berre tollagerhaldarar som kan få status som autorisert mottakar i Noreg.
Fullføring av transittering og mottak av varer
Som autorisert mottakar kan du få varer som er under transittering levert direkte til tollageret ditt. Du treng ikkje å vise fram varene og transitteringsdeklarasjonen for tollmyndigheitene ved .
Når varene og den nødvendige dokumentasjonen er levert til den autoriserte mottakaren, er transitteringa fullført og den hovudansvarlege har overhalde sine forpliktingar. Dette må skje innan tidsfristen på deklarasjonen.
Den autoriserte mottakaren tar over ansvaret for varene når dei, saman med transitteringsdeklarasjonen, er levert til det tollageret som er spesifisert i autorisasjonen.
Mottak av varer og rapportering
Når du som autorisert mottakar får varer til lageret ditt, må du sende ei elektronisk melding til bestemmelsestollstaden om at varene har kome. Du må òg informere bestemmelsestollstaden dersom noko er uregelmessig.
Slik gjer du:
- Du sender meldinga i NCTS (New Computerised Transit System) ved å bruke ankomstmelding (IE007).
- Deretter må du vente på lossetillating (IE043) før lossing kan starte.
- Innsending av lossemerknader (IE44) vil også skje ved hjelp av elektroniske meldingar.
- Dersom sendinga er forsegla, kan den autoriserte mottakaren no sjølv fjerne forseglingar som er sett på etter transitteringskonvensjonen.
- Den autoriserte mottakaren kan fullføre transitteringar i NCTS.
Vilkår for å bli autorisert mottakar
Du må oppfylle følgande vilkår for å bli autorisert mottakar:
- Du må sende søknad til Tolletaten
- Dei generelle vilkåra må vere oppfylt
- Du må ha ei tollagerbevilling med generell lossetillating
- Du må forplikte deg til å bruke NCTS
Kontakt Tolletaten
For å sende søknad og om du har spørsmål.
Ankomstbevis
Autorisert mottakar skal på transportøren sin førespurnad skrive ut eit til personen som legg fram varene og transitteringsdeklarasjonen.
Autorisert mottakar skal skrive ut ankomstbeviset på ein eigen blankett (TC11). Ankomstbeviset er ikkje ei bekrefting på at transitteringa er fullført.
Oppdatert: 19.8.2026