We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.

Garantiar

Den hovudansvarlege for prosedyren må stille garanti for å sikre betaling av tollavgift og andre avgifter. Du kan bruke enkelgaranti for éi transittering, eller universalgaranti som dekker fleire. Tollmyndigheitene kan gi eit garantifritak som gjeld for fleire transitteringar.

Les meir om den hovudansvarlege sitt ansvar

Du kan bruke fleire garantiar på ei transittering dersom summen av tollavgift og andre avgifter er høgare enn det éin garanti dekkjer.

Enkelgaranti

Denne garantitypen kan vere

  • eit kontant depositum
  • ein garanti, stilt av ein garantist, som er utforma etter malen i bilag C1 i vedlegg III til
  • ein garanti i form av garantiblankettar utforma etter malen i bilag C3 i vedlegg III til Transitteringskonvensjonen.

Transitteringskonvensjonen

Sjå vedlegg III

Ein enkelgaranti skal dekke tollavgift og andre avgifter (skuldbeløpet) som kan kome på éi transittering, rekna etter høgaste sats i avgangslandet.

Ein enkel garantiblankett dekker 10 000 euro. Valutakursen blir fastsett etter kursen første arbeidsdag i oktober, og gjeld frå 1. januar året etter. Det er ikkje mogleg å kjøpe desse blankettane i Noreg.

Universalgaranti og garantifritak

Universalgaranti og garantifritak er forenkla ordningar for ei transittering. Det er tollstyresmaktene som gir løyve til å bruke desse ordningane.

For å bruke universalgaranti eller garantifritak må søkaren oppfylle nokre generelle vilkår.

Vilkår

Sjå kva vilkår som gjeld

Det er garantisten som skal stille garanti. Garantisten skal vere ein bank, eit forsikringsselskap eller ein annan finansiell institusjon.

Garantierklæringa må samsvare med malen i bilag C4 til vedlegg III til Transitteringskonvensjonen.

Tollmyndigheitene registrerer godkjend garanti i det elektroniske garantisystemet GMS. Deretter sender dei ut garantisertifikat som samsvarer med malen i bilag C5 eller C6 til vedlegg III til Transitteringskonvensjonen.

Søknad

Du kan bruke skjemaet som er lagt ved, men det er ikkje eit krav.

Universalgaranti for firma på fleire stader i Noreg

Eit aksjeselskap med eige organisasjonsnummer i Føretaksregisteret må stille sin eigen universalgaranti, då dette blir rekna som ei eiga eining.

Eit hovudselskap som er registrert i Føretaksregisteret kan ha underavdelingar som berre har eigne organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Då er ikkje underavdelingane eigne juridiske einingar. Hovudselskapet har då ansvaret, og skal stå som hovudansvarleg i transitteringsdokumentet.

Dersom universalgarantien skal omfatte alle underavdelingar, må hovudføretaket bli angitt som rette vedkomande i garantien. I så fall må berekninga av garantibeløpet bli gjort for transitteringar som er utførte av alle underavdelingar.

Det er òg mogleg å avgrense garantien til éi eller fleire underavdelingar. Desse må då vere namngitt i garantien. Hovudføretaket er likevel den som stiller garanti og er hovudansvarleg. Andre underavdelingar enn dei som er nemnt i garantien kan ikkje bruke ein slik garanti. Hovudføretaket kan eventuelt stille eigne garantiar for kvar underavdeling.

Garantibeløp og referansebeløp

Garantitollstaden skal fastsette referansebeløpet i samarbeid med den hovudansvarlege for prosedyren.

Garantibeløpet skal tilsvare referansebeløpet som garantitollstaden fastset.

Referansebeløpet er summen av tollavgift og andre avgifter som kan kome på varene i perioden frå dei blir lagde under ei transittering til prosedyren er avslutta.

Utrekninga av referansebeløpet bygger på:

  • opplysningar om varene frå dei siste 12 månadane
  • anslag over mengda transportar, basert på dokumentasjon og rekneskap

(jf. artikkel 74 i vedlegg I til transitteringskonvensjonen)

Samanhengen mellom garantibeløp og referansebeløp

Garantitollstaden bruker den høgaste satsen når tollavgift og andre avgifter blir rekna ut. Eventuelle fritak blir ikkje tatt med i utrekninga – du må bruke ordinær sats.

Reduksjon og fritak

Garantitollstaden kan redusere garantibeløpet til 30 eller 50 prosent av referansebeløpet. Den hovudansvarlege for prosedyren kan også få eit garantifritak, som betyr at beløpet blir redusert med 100 prosent.

Vilkåra for reduksjon i garantibeløpet finn du i artikkel 74 i vedlegg I til Transitteringskonvensjonen. Den som er hovudansvarleg for prosedyren, må sørge for at tollavgift og andre avgifter som kan kome på transitteringar som enno ikkje er fullførte, ikkje overstig referansebeløpet.

Transitteringskonvensjonen

Sjå artikkel 57(1), 74 og 75 til vedlegg I

Garantisten sitt ansvar

Krav til garantist

  • Garantisten må vere etablert i landet der garantien blir stilt og godkjend av tollmyndigheitene.
  • Garantisten må oppgi ei adresse for kontakt eller ha ein representant i kvart land som er med i transitteringa. Dersom EU er med, gjeld dette for kvart medlemsland.
  • Dersom adresse eller representant blir endra, må garantisten gi beskjed til garantitollstaden.

Garantisten sitt ansvar og betalingsplikt

  • Garantisten må betale det avtalte beløpet når tollmyndigheitene sender eit skriftleg krav. Betalinga må skje innan 30 dagar. Unntak: Dersom garantisten eller ein annan kan dokumentere innan 30 dagar at transitteringa er gjennomført utan feil eller brot, treng ikkje kravet betalast.
  • Garantisten har ansvar opp til det fastsette garantibeløpet.
  • Garantisten slepp å betale dersom tollmyndigheitene ikkje har halde fristane som er fastsette i konvensjonen
    (sjå artikkel 117 i vedlegg I til transitteringskonvensjonen).

Det elektroniske garantisystemet (GMS)

GMS er tollmyndigheitene sitt elektroniske system for å handtere garantiar i transittering.

Garantitypane 0, 1, 2, 4 og 9 blir registrerte i GMS. Systemet utvekslar garantidata mellom garantitollstad og avgangstollstad, og følgjer med på bruk av garanti og referansebeløp.

Garantireferansenummer (GRN)

GRN og tilgang

Når du registrerer ein garanti i GMS, får han eit garantireferansenummer (GRN). Dette nummeret identifiserer både garantien og den som er hovudansvarleg.

Kvart GRN får ein tilhøyrande tilgangskode. Du må oppgi både GRN og tilgangskoden når du registrerer ein transitteringsdeklarasjon, saman med beløpet for tollavgift og andre avgifter (skuldbeløpet).

Endre og administrere tilgangskodar

Den hovudansvarlege kan (ved hjelp av melding IE026):

  • endre tilgangskoden for elektroniske garantiar (type 0 og 1)
  • opprette fleire tilgangskodar
  • gjere tilgangskodar ugyldige

Dette gir deg som hovudansvarleg full kontroll over tilgang til dine elektroniske garantiar.

Oppdatert: 24.8.2026