Oppbevaring av transitteringsdeklarasjonar

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Oppbevaring av transitteringsdeklarasjonar

Oppbevaringsfristen for den som leverer transitteringsdeklarasjonar er eitt eller tre år, avhengig om det er brukt nødprosedyre eller ikkje. Det er ulike fristar for oppbevaring av elektroniske deklarasjonar og papirdeklarasjonar.

Oppbevaringsfrist for elektroniske transitteringar

Transitteringsdeklarasjonar (følgedokument) som er starta og avslutta i det elektroniske systemet NCTS skal oppbevarast i eitt år av den som leverer deklarasjonen. Dette gjeld også for grunnlagsdokumenta til kvar enkelt transittering.

Næringslivet skal oppbevare historisk register (logg) uendra og sikkert i minst ti år.

Oppbevaringsfrist for transitteringar starta under ein nødprosedyre

Oppbevaringstida for transitteringar som er starta med einingsdokument (eksemplar 1, 4 og 5), eller med følgedokument i ein nødprosedyre, er tre år. Tida blir rekna frå slutten av det året transitteringa starta.

Når transitteringa ikkje blir fullført i NCTS

Dersom bestemmelsestollstaden ikkje får fullført ei transittering i NCTS, må «rykkattesten» (ankomstbekrefting IE006 og kontrollresultat IE018) sendast tilbake til avgangstollstaden på papir (IE110).

I slike tilfelle skal ein kopi av følgedokumentet oppbevarast i tre år.

Når autorisert mottakar ikkje får sendt meldingar i NCTS

Av og til kan ein autorisert mottakar ikkje sende inn ankomstmelding (IE007) og/eller lossemerknader (IE043).

For å få fullført prosedyren må følgedokumentet, med lossemerknader, sendast til tollstyresmaktene.

I slike tilfelle bør følgedokumentet oppbevarast i tre år.

Oppdatert: 19.6.2026