Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Verdigrensa

Når du reiser til Noreg, kan du ta med deg varer utan å betale avgifter innanfor ei bestemt verdigrense.

Verdigrensa avheng av kor lenge du har vore utanfor Noreg:

  • Har du vore borte i meir enn 24 timar, kan du ta med varer for inntil 6 000 kroner avgiftsfritt.
  • Har du vore borte i 24 timer eller mindre, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med varer for inntil 3 000 kroner avgiftsfritt.

Verdigrensa gjeld den samla verdien av varene du har kjøpt.

Kva inngår ikkje i verdigrensa?

Alkohol og tobakksvarer inngår ikkje i verdigrensa. Desse varene har eigne kvotar.

Verdigrense for turistar

Dersom du ikkje er busett i Noreg og tek med eigne eigedelar som du skal bruke under opphaldet og ta med deg ut av landet igjen, gjeld ikkje verdigrensa.

Dette kan for eksempel vere klede, mobiltelefon, datamaskin, smykke og anna personleg reiseutstyr.

Har du derimot med varer som skal bli igjen i Noreg, for eksempel gåver eller forbruksvarer, gjeld verdigrensa på 6 000 kroner.

Alkohol, tobakk og matvarer

Kvotene for alkohol, tobakk og matvarer gjeld for alle som reiser til Noreg, også turistar.

Dersom du handlar for meir enn verdigrensa

Har du varer som overstig verdigrensa, må du deklarere dei for prosedyren overgang til fri disponering når du kjem til Noreg.

For dei fleste varer skal du betale 25 prosent meirverdiavgift.

For enkelte varer må du i tillegg betale tollavgift. Dette gjeld mellom anna enkelte klede og matvarer.

Du kan berekne avgiftene i tollkalkulatoren

Korleis deklarerer du varene?

Du kan betale avgifter når du går på raud sone ved grensepasseringa.

Sørg for at du vel ein grenseovergang med betent tollkontor.

Dersom du ikkje deklarerer varene og blir stoppa i kontroll, kan varene bli beslaglagde og saka bli vurdert som smugling.

Nokre tollkontor som utfører oppgåver i Noreg, ligg på svensk eller finsk side av grensa.

Oversikt over tollkontor og opningstider

Du kan sjølv velje kva varer som skal inngå i verdigrensa

Dersom du har kjøpt fleire varer, kan du sjølv velje kva varer som skal reknast inn i den avgiftsfriekvota.

Eksempel

Du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar og har kjøpt:

  • Ein sofa til 5 000 kroner
  • Ei barnevogn til 3 000 kroner

Du kan bruke verdigrensa på sofaen og betale avgifter på barnevogna.

Dersom éi vare er dyrare enn verdigrensa

Er verdien på éi vare høgare enn verdigrensa, må du betale avgifter av heile vareverdien.

Eksempel

Har du kjøpt ein sofa til 10 000 kroner, må du betale avgifter av alle 10 000 kronene.

Du kan ikkje dele opp ei vare

Varer som høyrer saman og utgjer eitt produkt, kan ikkje delast opp mellom fleire personar eller fleire reiser for å utnytte verdigrensa.

Eksempel

Har du kjøpt eit kjøkken til 50 000 kroner, kan du ikkje ta med ulik delar på fleire reiser eller fordele delane mellom fleire personar.

Du kan likevel bruke den avgiftsfrie verdigrensa på andre varer.

En som bruker Kvoteappen på smarttelefon

Kvoteappen

Last ned kvoteappen for å sjekke om du er innanfor kvoten og fortolle varer raskt og enkelt.

Oppdatert: 18.8.2026