Tilbakebetaling når du returnerer ei vare
Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Tilbakebetaling når du returnerer ei vare
Har du sendt ei vare i retur og ønskjer tilbakebetaling av avgifter? Kven du skal kontakte, kjem an på kvar du kjøpte vara og korleis sendinga var deklarert då ho blei innført til Noreg.
Har du handla frå ein VOEC-registrert nettbutikk?
Dersom du har kjøpt feil vare, returnert ei vare eller reklamert på ei vare frå ein nettbutikk som er VOEC-registrert, må du kontakte nettbutikken for å få tilbakebetalt meirverdiavgifta
Er vara deklarert saman med varer til fleire mottakarar?
Dei fleste varer til privatpersonar med verdi opp til 3 000 kroner, inkludert frakt, blir deklarert saman med varer til fleire mottakarar på éin deklarasjon til Tolletaten.
Dersom sendinga di er deklarert på denne måten, behandlar ikkje Tolletaten søknadar om tilbakebetaling av avgifter.
Du må i staden kontakte speditøren eller transportselskapet som deklarerte sendinga. Dette gjeld uavhengig av om du ønskjer tilbakebetaling av meirverdiavgift, særavgift eller tollavgift.
Er du usikker på kva avgifter du har betalt, kan speditøren eller transportselskapet hjelpe deg. Dei kan også opplyse om sendinga vart deklarert saman med varer til fleire mottakarar.
Desse varene kan ikkje deklarerast saman med varer til fleire mottakarar:
- næringsmiddel, som mat, drikke, kosttilskot og vitamin
- varer med restriksjonar, som legemiddel, våpen, alkohol og tobakk
- varer med særavgifter, som sukker, emballasje, smørjeoljar og kvitevarer med klimagass
Når kan du søkje om tilbakebetaling hos Tolletaten?
Du kan søkje Tolletaten om tilbakebetaling av tollavgift dersom:
- nettbutikken ikkje er VOEC-registrert
- sendinga ikkje er deklarert saman med varer til fleire mottakarar på éin deklarasjon
Søk om tilbakebetaling av tollavgift (Altinn)
Når skal du søkje hos Skatteetaten?
Dersom du ønskjer tilbakebetaling av meirverdiavgift eller særavgift for varer som er sende i retur, må du søkje hos Skatteetaten.
Søk om tilbakebetaling hos Skatteetaten
Tolletaten kan berre tilbakebetale tollavgift.
Kva avgift har du betalt?
Dei fleste varer er fritekne frå tollavgift. I mange tilfelle er det derfor aktuelt å søkje Skatteetaten om tilbakebetaling av meirverdiavgift.
Det er hovudsakleg klede av tekstilar og enkelte ferdige tekstilvarer, som sengetøy, handkle og gardiner, det kan vere betalt tollavgift ved innførsel.
Kva betyr dei ulike avgiftene?
Her finn du forklaringar på dei ulike avgiftstypane.
Oppdatert: 4.8.2026