Om bruk av Kvoteappen til deklarering for prosedyren fri disponering
Med Kvoteappen kan du deklarere varer du har med deg til Noreg utover avgiftsfri kvote og verdigrense for prosedyren overgang til fri disponering. Appen reknar ut kor mykje du skal betale i avgifter. Du kan betale direkte i appen og så passere på grøn sone.
Om Kvoteappen
Kvoteappen lar deg raskt sjekke om varene du har med deg til Noreg er innanfor kvoten og verdigrensa.
I tillegg reknar appen ut kva du må betale dersom du vil ha med deg varer over kvoten og verdigrensa. Du kan betale direkte i appen, med kort eller Vipps.
Når du har betalt i appen, kan du gå på grønt. Du kan også bruke Kvoteappen før du passerer ubetente grenseoverganger, enten du kjem til Noreg med fly, båt, tog eller bil.
I Kvoteappen kan du også deklarere enkelte andre varer, i tillegg til alkohol og tobakk.
Kva er kvote og verdigrense?
Alkohol- og tobakkskvote
Alkohol- og tobakkskvoten, ofte berre kalla "kvoten", er mengda alkohol- og tobakksvarer du kan ha med deg inn til Noreg utan å betale avgifter.
Verdigrenser ved innreise til Noreg
Verdigrensa set ei grense for kor mykje du kan ta med deg inn til Noreg av andre typar varer, utan å betale avgifter.
For alle typer varer som du har kjøpt i utlandet gjeld to ulike verdigrenser, avhengig av kor lenge du har vore utanfor Noreg.
Varer over kvoten og verdigrensa
Du må betale avgifter for varer som overstig kvoten eller verdigrensa.
Alkohol og tobakk over kvoten
I Kvoteappen kan du deklarere inntil
- 27 liter øl eller vin,
- 4 liter brennevin,
- 400 sigaretter,
- 500 gram tobakk eller snus og
- 400 stk. sigarettpapir og -hylser.
Du vil få ei utrekning på kor mykje du skal betale i avgifter for varer over kvoten når du legg varene inn i Kvoteappen.
Dersom du ønsker å ta med deg varer til Noreg utover den mengda du kan deklarere i Kvoteappen, gjeld andre reglar.
Varer over verdigrensa
Dersom du har handla varer for meir enn verdigrensa, må du betale 25 prosent meirverdiavgift (mva.) på varene. I Kvoteappen kan du deklarere andre varer enn alkohol og tobakk til ein samla verdi av 20 000 norske kroner per person. Du kan ikkje dele opp ei vare. Dersom du har med deg varer utover verdigrensa, vil appen hjelpe deg med å finne ut kva for nokre varer det lønner seg for deg å betale avgifter for.
Dersom du ønsker å ta med deg varer til Norge utover desse grensene, gjeld andre reglar.
Kor lenge er kvitteringa gyldig?
Du må betale seinast eitt minutt før du passerer grensa. Når du har betalt, startar ei nedtelling på eitt minutt før kvitteringa blir aktiv. Kvitteringa er gyldig i to timar, og du må passere grensa i dette tidsrommet. Dersom tida går ut, må du kontakte ein tollar.
Du kan også deklarere fram i tid. Ønsker du å passere grensa på eit seinare tidspunkt, legg du inn når du planlegg å passere grensa. Kvitteringa er gyldig i to timar frå tidspunktet du vel. Du kan betale opptil 48 timar før du kryssar grensa.
Du kan velje å få kopi av kvitteringa på e-post, men e-posten er ikkje gyldig som kvittering når du passerer grensa.
Kva skjer ved ein tollkontroll?
Du må kunne vise fram ei aktiv kvittering i appen dersom du har med deg varer over kvoten og verdigrensa.
Dersom du ikkje kan vise at du har betalt avgift for varene, kan Tolletaten gi deg ei bot ("forenkla førelegg") og ta frå deg varene du har over kvoten og verdigrensa. Ved alvorlege brot kan du bli politianmeldt.
Varer du ikkje kan deklarere i appen
Du kan ikkje bruke Kvoteappen til å deklarere desse varene:
- Varer som er meint for vidaresal eller til bruk i jobbsamanheng (eller anna føremål som gjeld yrke eller arbeidsliv). Slike varer må du deklarere med vanlege avgiftssatsar.
- Varer du kjøper i tax-free (tollavgiftsfritt utsal) når du kjem til lufthamn: Slike varer må du deklarere med vanlege avgiftssatsar.
- Næringsmiddel**, varer som er avhengige av tillatingar frå andre myndigheiter, særavgiftspliktige varer og landbruksvarer***:
Eksempel på slike varer er kjøt, grønsaker, brus, kosttilskot, kaffi, te, kjæledyr, våpen, laserpeikarar, korn og honning. Varene inngår likevel i verdigrensa. Ønsker du å deklarere slike varer må du ta kontakt med Tolletaten på raud sone. - Skråtobakk: Ønsker du å innføre skråtobakk må du ta ta kontakt med Tolletaten på raud sone. Mengda skråtobakk du tar med deg inngår i den totale grensa for mengde tobakk, som er 500 gram.
- Nikotinvarer (e-sigarettar, e-liquid o.l.): Innførsel av nikotinvarer er i utgangspunktet forbode og kan berre innførast i tråd med krava i forskrift om tilvirkning og import av legemidler § 3-2.
**Næringsmiddel er alle mat- og drikkevarer og andre varer som er meint til å bli konsumert av menneske.
***Landbruksvarer er varer som høyrer under kapittel 1 til 24 og posisjonane 35.01, 35.02, 35.05 og 38.23 i tolltariffen.
Ditt ansvar som brukar av appen
Som brukar av Kvoteappen har du ansvar for at
- Du har dekning så du får fullført betalinga
- Du har ei aktiv kvittering for dei varene du har med deg som er over kvoten når du passerer grensa
- Du kan vise fram den aktive kvitteringa på mobilen eller nettbrettet ditt. Det betyr at du må sørge for at du har nok batteri, at skjermen er leseleg og at mobilen eller nettbrettet ditt fungerer som normalt.
- Du må passere grensa saman med den andre personen, dersom du har sendt deklarasjon for ein annan person i tillegg til deg sjølv.
- Du set deg inn i gjeldande regelverk for innførsel av varer til Noreg.
Søk om tilbakebetaling
Dersom du har lagt inn feil opplysningar, som gjer at du har betalt for mykje, kan du søke om tilbakebetaling. For å søke, må du kontakte Tolletaten på raud sone før du forlét kontrollsona.
Personvern i appen
Dersom du betaler med kort i appen, blir informasjon om bankkortet ditt lagra. Bortsett frå dette, lagrar Kvoteappen ingen personopplysningar.
Betalt for mykje?
Oppdatert: 21.5.2026