Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Varer med restriksjonar ved import
Nokre varer kan berre importerast dersom særlege vilkår er oppfylte. Før du importerer ei vare, må du undersøkje om det gjeld restriksjonar eller forbod.
Restriksjonar kan for eksempel innebere at du må ha løyve, godkjenning eller annan dokumentasjon før vara kan førast inn til Noreg.
Varer som manglar nødvendige løyve, godkjenningar eller merkingar kan bli haldne tilbake av Tolletaten, og i enkelte tilfelle beslaglagde eller destruerte.
Hugs at det også kan vere eigne restriksjonar i eksportlandet. Dersom du er usikker på kva reglar som gjeld, må du undersøkje dette med seljaren eller myndigheitene i landet du handlar frå.
Sanksjonar mot Russland
Regjeringa har innført fleire restriksjonar for handel med Russland. Det gjeld avgrensingar på kva varer som kan importerast frå eller eksporterast til Russland.
Eksport- og importsanksjonar mot Russland (for verksemder)
Eksport- og importsanksjonar mot Russland (for privatpersonar)
Varer med restriksjonar ved import
Relatert innhald
Oppdatert: 3.8.2026