Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Transittering av varer

Transittering er ei internasjonal sendingsordning som tillèt transport av varer mellom avtalepartane i Transitteringskonvensjonen. Varene blir sende frå avsendar i eitt land til ein mottakar i eit anna land. Undervegs kan transporten passere fleire land.

Utfylling av ein transitteringsdeklarasjon i NCTS

Her finn du ei detaljert beskriving av korleis du fyller ut ein transitteringsdeklarasjon i NCTS.

Formålet med transitteringsprosedyren er å gjere grensepasseringa enklare og raskare for næringslivet.

Regelverket for transittering av varer er fastsett i Konvensjonen om en felles transitteringsprosedyre (transitteringskonvensjonen).

Du kan berre bruke transitteringsprosedyren når transporten går mellom land som er avtalepartar til konvensjonen.

Desse landa er avtalepartar til konvensjonen:

  • EU-land:
    • Belgia, Bulgaria, Danmark, Den Tsjekkiske Republikk, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Latvia, Litauen, Kroatia, Kypros, Luxemburg, Malta, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige, Tyskland, Ungarn og Østerrike.
  • Andre land som er omfatta av fellestransittering:
    • Island, Noreg, Nord-Makedonia, Serbia, Storbritannia, Sveits inkl. Liechtenstein, Tyrkia, Ukraina, Georgia, Moldova og Montenegro.

Dersom du transporterer varer med bil til, frå eller gjennom andre land som ikkje er med i transitteringskonvensjonen, kan TIR-ordninga vere eit alternativ.

TIR (Transports Internationaux Routiers) er ein internasjonal avtale om transport av varer mellom TIR-konvensjonen sine avtalepartar, ved hjelp av eit TIR-carnet.

Som avtalepart til transitteringskonvensjonen er Noreg forplikta til å nytte det felles elektroniske systemet NCTS (New Computerised Transit System). Alle som skal transportere varer under ein transitteringsprosedyre, må bruke NCTS.

Korleis går ei transittering føre seg?

Før ei transittering kan starte, må den hovudansvarlege varsle tollmyndigheitene i avgangslandet. Dette blir vanlegvis gjort ved at deklaranten eller den hovudansvarlege for prosedyren sender ei elektronisk melding til tollmyndigheitene i det elektroniske transitteringssystemet NCTS.

Følgedokumentet, ei utskrift av transitteringsdeklarasjonen i NCTS, må ikkje lenger følge varene. Du kan legge fram transitteringa sitt referansenummer (MRN) elektronisk for tollmyndigheitene. Tolletaten anbefaler likevel at følgedokumentet blir nytta i ein overgangsfase, fram til den nye prosedyren fungerer i praksis hos alle avtalepartane.

Ved grensepassering må sjåføren ta kontakt med Tolletaten for å registrere passeringa i NCTS. Ved bruk av Digitoll vil grensepassering skje automatisk når varer blir førte inn i Noreg. Grensepasseringar mellom EU-land skal ikkje registrerast.

Når transporten kjem frem til bestemmelseslandet, skal innkomsten registrerast i NCTS. Det kan gjerast av tollmyndigheitene eller av ein autorisert mottakar. Varene må underleggast prosedyren overgang til fri disponering før dei kan bli tatt i bruk.

Den som får løyve av tollmyndigheitene til å transittere varer, blir kalla den hovudansvarlege for prosedyren. Den hovudansvarlege har ansvar for at transporten følger regelverket og han kan også bli ansvarleg for å betale ei eventuell tollavgift og andre avgiftskrav om noko går gale undervegs. Den hovudansvarlege må stille ein garanti. Garantien skal dekke ei eventuell tollavgift og andre avgiftskrav som kan oppstå ved avvik under transporten.

Oppstart av ei transittering

Når varer skal transporterast frå Noreg til eit anna land som er avtalepart, må det vere ein hovudansvarleg for transporten. Den hovudansvarlege for prosedyren er ansvarleg for at transitteringa skjer i samsvar med føresegnene i transitteringskonvensjonen. Den hovudansvarlege for prosedyren må fylle ut ein transitteringsdeklarasjon i NCTS før oppstart.

I nokre tilfelle bruker aktørar garantiar frå utanlandske aktørar ved oppstart av transittering. Då er det eigaren av garantien som skal registrerast som hovudansvarleg i rubrikk 13 07 Holder, sjølv om det er ein annan aktør som opprettar transitteringa.

I desse tilfella skal det også bli gitt informasjon om den norske representanten i rubrikk 13 06 Representative.

Dersom organisasjonsnummeret som blir oppgitt i rubrikk 13 07 Holder ikkje er norsk, skal det i rubrikk 13 06 Representative bli registrert opplysningar om den norske aktøren som opprettar deklarasjonen i NCTS. Dette inkluderer organisasjonsnummer og kontaktinformasjon.

Fullt namn, adresse og kontaktinformasjon til eigaren av garantien skal framleis bli registrert i rubrikk 13 07 Holder.

Autoriserte avsendarar og mottakarar

Mange europeiske transportørar er autoriserte avsendarar eller -mottakarar. Dette er ein forenkla prosedyre. For å få eit slikt løyve må du oppfylle visse vilkår og søke til Tolletaten.

Også verksemder utan slikt løyve og privatpersonar kan bruke prosedyren transittering. Då må du stille garanti for kvar sending. Garantien kan vere eit kontant depositum eller ein bankgaranti. I nokre land (ikkje i Noreg) kan den hovudansvarlege for prosedyren kjøpe enkeltgarantiar gjennom ein garantiorganisasjon.

Om du som hovudansvarleg for prosedyren ikkje er ein autorisert avsendar, må du møte opp ved avgangstollstaden i opningstida. Då må du legge fram varene og oppgi transitteringa sitt referansenummer (MRN). Dersom deklarasjonen inneheld all nødvendig informasjon, registrerer tollmyndigheitene deklarasjonen på avgangsstaden og frigir varene for transittering. Avgangstollstaden vurderer om transporten skal forseglast eller ikkje, og set ein frist for når varene skal leggast fram ved bestemmelsestollstaden.

Den hovudansvarlege må legge fram transitteringa sitt referansenummer (MRN) for tollmyndigheitene ved kvar transitteringstollstad for elektronisk registrering av grensepassering.

Sende inn ein transitteringsdeklarasjon før framlegging av varene

Ein transitteringsdeklarasjon kan sendast inn før varene er forventa å bli lagt fram ved avgangstollstaden. Dersom varene ikkje blir lagt fram innan 30 dagar etter at deklarasjonen er send, blir han rekna som ikkje levert.

Korrigering av transitteringsdeklarasjon

Du kan ikkje korrigere ei transittering som allereie er sendt til Tolletaten. Dersom opplysningane i transitteringsdeklarasjonen er feil, må du sende inn ei ny transittering med riktige opplysningar. Deretter må du be Tolletaten om å kansellere den opphavlege transitteringa. Du må grunngi kanselleringa og vise til MRN på den nye transitteringa.

Følgedokumentet

Følgedokumentet er ei utskrift av transitteringsdeklarasjonen i NCTS. Følgedokumentet kan skrivast ut enten av avgangstollstaden (på førespurnad) eller av den hovudansvarlege når deklarasjonen er frigitt av tollmyndigheitene.

Det er ikkje lenger krav om å ha med følgedokumentet under transporten. Den hovudansvarlege vel sjølv om følgedokumentet og varelista skal skrivast ut. Kopi av følgedokumentet og varelista blir brukt ved driftsstans (nødprosedyre).

Vareliste

Vareliste er eit vedlegg til følgedokumentet. Lista er ei utskrift frå NCTS og skal samsvare med malen og innhaldet i Bilaga A5a og A6a til vedlegg IIIa til Transitteringskonvensjonen.

Kva status har vara

Når du startar ei transittering, må du oppgi kva status varene har.

Vara kan ha

  • Status T2: varene har tollstatus som EU-varer (EU-status).
  • Status T1: varene har ikkje tollstatus som EU-varer (ikkje EU-status).

T2 betyr at varene er i fri sirkulasjon innanfor EU. Det kan enten vere fordi dei er produserte i EU, eller fordi dei er fortolla inn i EU. Statusen seier ikkje noko om vara sitt opphav, men kva tollstatus ho har.

Ved import til Noreg betyr det som regel ikkje noko kva status som er ført opp på transitteringsdeklarasjonen. Krava til deklarering og avgifter er dei same for både T1- og T2-varer.

Ved eksport frå Noreg vil varene på transitteringsdeklarasjonen i dei fleste tilfelle ha status T1.

Viss ei sending inneheld både T1- og T2-varer (blanda sending), skal du oppgi kode T i rubrikk 11 01 Type.

Kriterium for å starte T2 i Norge

I nokre tilfelle kan du starte ei T2-transittering i Noreg.

Du kan berre gjere det når

  • Varene har kome til Noreg som ei T2-transittering.
  • Varene har vore under Tolletaten sin kontroll (for eksempel på tollager eller utstilling).
  • Varene ikkje har gjennomgått anna behandling enn det som er nødvendig for å bevare dei i sin opphavelege tilstand eller dele opp sendinga.
  • I T2-deklarasjonen fra Norge skal du påføre en referanse til den T2-deklarasjonen som varene ankom Norge på. Du må overføre alle spesielle påtegninger (for eksempel "EXPORT" fra den inngående transitteringsdeklarasjonen til den utgående transitteringsdeklarasjonen.
  • Gjenutførsel fra tollager må skje innen fem år (seks måneder for varer i tolltariffens kapittel 1-24).

Når du opprettar ein ny T2-deklarasjon, må du:

  • Påføre ein referanse til den T2-deklarasjonen som varene kom til Noreg på.
  • Overføre alle spesielle påteikningar, for eksempel “EXPORT” frå den inngåande transitteringsdeklarasjonen til den utgåande transitteringsdeklarasjonen.

Gjenutførsel frå tollager må skje innan fem år. Det er unntak for varer i kapittel 1-24 i tolltariffen, då er fristen seks månader.

Du kan berre starte ei T2-transittering ved gjenutførsel av ufortolla varer frå tollager, eller for varer som har vore innført midlertidig. Det betyr at du ikkje kan bruke ei T2-transittering ved gjenutførsel av varer som er importerte frå EU, fortolla og deretter levert ut til mottakar i Noreg.

Tidsfrist

Avgangstollstaden set ein frist for når varene skal leggast frem ved bestemmelsestollstaden. Fristen blir fastsett ut frå reiseruta og opplysningane den hovudansvarlege har gitt.

Sjå artikkel 34 til vedlegg I til Transitteringskonvensjon(åpner i ny fane)

Forsegling

Som hovudregel skal varer under ein transitteringsprosedyre forseglast. Dette blir gjort av tollmyndigheitene eller ein autorisert avsendar. I nokre tilfelle er det ikkje nødvendig å forsegle varene. Det gjeld når varebeskrivinga er så tydeleg at typen og mengda til vara kan identifiserast.

Når lasterommet blir forsegla, må tollmyndigheitene kontrollere om transportmiddelet er godkjent eller eigna for forsegling. Om det ikkje er mogleg, kan dei forsegle kvart enkelt kolli i staden.

Autoriserte avsendarar kan få løyve til å setje på spesielle, godkjende forseglingar.

Sjå artiklene 36-39 til vedlegg I til Transitteringskonvensjon(åpner i ny fane)

Kansellering av ei transittering

Det er avgangstollstaden som kan kansellere ei transittering. Kansellering kan berre skje i perioden frå referansenummeret (MRN) er tildelt og fram til transporten startar.

Som deklarant kan du be om kansellering ved å sende ei elektronisk melding (CC014C) i NCTS. Avgangstollstaden sender deretter ei melding (CC009C) til deg med svar på om transitteringa blir kansellert eller ikkje.

Dersom varene allereie er frigitt for transittering, sender avgangstollstadan også ei kanselleringsmelding (CD010C) til bestemmelsestollstaden.

Grensepassering

Transportøren må oppgi transitteringa sin MRN ved kvar transitteringstollstad for å registrere grensepassering i NCTS. Du treng berre å registrere grensepassering når du kjem inn i ein ny avtalepart. Det er ikkje krav om registrering av grensepassering mellom EU-land. Dersom transporten går ut av ein avtalepart sitt område, gjennom eit land som ikkje er med i konvensjonen (tredjeland) og deretter inn i ein ny avtalepart, skal grensepasseringa i NCTS også registrerast ved utpasseringstollstaden.

Transitteringa sitt referansenummer (MRN) kan leggast fram elektronisk ved kvar tollstad.

Hendingar undervegs

Om varer skal lastast om til eit anna køyretøy, må du ha løyve frå tollmyndigheitene i landet der omlastinga skjer.

I nokre tilfelle kan tollmyndigheitene gi løyve til omlasting utan deira tilsyn.

Transportørar er i nokre tilfelle fritatt frå kravet om å legge fram varene for tollmyndigheitene (sjå artikkel 44(2) i vedlegg I). I slike tilfelle skal tollmyndigheitene i landet der transportmiddelet oppheld seg, registrere hendinga i NCTS.

Du kan berre laste om dersom alle varene i transitteringsdeklarasjonen blir flytta til eit nytt køyretøy. Om lasta blir delt på fleire køyretøy, må du avslutte den opphavlege transitteringa og opprette nye transitteringsdeklarasjonar.

Endring av bestemmelsestollstad

Du kan fullføre transitteringa ved ein annan tollstad enn det som er oppgitt i transitteringsdeklarasjonen. Dette blir då ny bestemmelsestollstad.

Dersom den nye bestemmelsestollstaden ligg i ein annan avtalepart enn den planlagde, må du be avgangstollstaden om ei «forventa ankomstmelding».

Fullføring av ei transittering

Du må legge fram transitteringa sitt referansenummer (MRN) ved bestemmelsestollstaden innan tidsfristen som er oppgitt i deklarasjonen. Bestemmelsestollstaden sender deretter meldingane ankomstbekrefting og kontrollresultat (CD006C og CD018C) til tollmyndigheitene i avgangslandet. Når desse meldingane er mottekne, kan transitteringa avsluttast.

Transitteringa sitt referansenummer (MRN) kan leggast fram elektronisk ved bestemmelsestollstaden. Om det ikkje er mogleg, kan du bruke følgedokument og vareliste på papir.

Dersom fristen for å avslutte transitteringa ikkje er utgått, skal autorisert mottakar  fullføre transitteringseklarasjonen, ikkje bruke etterdeklarering. Autorisert mottakar kan sjølv fullføre transitteringa dersom:

  • Fristen ikkje har gått ut.
  • Sendinga er deklarert ved grensa.
  • Det ikkje er behov for at Tolletaten gjer avslutninga.

Ankomstbevis

Bestemmelsestollstaden eller ein autorisert mottakar skal skrive ut eit ankomstbevis til den som legg fram varene og MRN. Ankomstbeviset blir skrive ut på ein eigen blankett (TC 11).

Ver merksam på at ankomstbeviset ikkje er ei bekrefting på at transitteringa er fullført.

Kva skjer dersom transitteringa ikkje kjem fram?

Prosedyrar for etterlysing

Bestemmelsestollstaden skal sende ankomstbekrefting (CD006C) til tollmyndigheitene i avgangslandet innan tidsfristen som er oppgitt i deklarasjonen. Når ankomstbekreftinga er motteken, skal tollmyndigheitene i avgangslandet få melding om kontrollresultat (CD018C) innan seks dagar. Dersom bekreftinga ikkje er komen innan den fastsette fristen, startar tollmyndigheitene i avgangslandet etterlysing. Dette skjer seinast sju dagar etter at fristen for å legge frem varene har gått ut.

Den hovudansvarlege og bestemmelsestollstaden må svare på førespurnaden frå avgangstollstaden innan 28 dagar.

Dersom etterlysinga viser at transitteringa er korrekt fullført, avsluttar tollmyndigheitene i avgangslandet saka. Den hovudansvarlege og eventuelle myndigheiter som har starta innkreving av avgifter, får beskjed.

Varslingsfrister overfor garantist

Dersom ei transittering ikkje blir korrekt avslutta, må tollmyndigheitene informere garantisten innan ni månader etter fristen for å legge fram varene ved bestemmelsestollstaden.

Innan tre år etter at transitteringsdeklarasjonen vart godkjent, skal garantisten også få beskjed om at han kan bli pålagt å innbetale skuld som han er ansvarleg for. Tollmyndigheitene må oppgi transitteringsdeklarasjonen sitt referansenummer og dato, namn på avgangstollstaden, namn på den hovudansvarlege for prosedyren og det aktuelle beløpet.

Dersom tollmyndigheitene ikkje overheld desse fristane, fell ansvaret til garantisten bort.

Alternativt bevis

Dersom tollmyndigheitene i avgangslandet ikkje får ankomstbekrefting og kontrollresultat, kan den hovudansvarlege legge fram eit alternativt bevis på at transitteringa er fullført.

Eit alternativt bevis kan vere:

  • Eit dokument attestert av tollmyndigheitene i bestemmelseslandet som identifiserer varene og stadfestar at dei er lagt fram ved bestemmelsesstaden.
  • Eit dokument eller ein tollfortegnelse attestert av tollmyndigheitene i eit land som stadfestar at varene fysisk har forlate tollområdet til avtaleparten.
  • Eit tolldokument frå eit tredjeland som viser at varene er fortolla.
  • Eit dokument frå eit tredjeland, stempla av tollmyndigheitene i dette landet, som stadfestar at varene er i fri sirkulasjon der.

Eit alternativt bevis må vere stadfesta av tollmyndigheitene i bestemmelseslandet eller i det aktuelle tredjelandet.

Sjå artikkel 51 til vedlegg I til transitteringskonvensjon(åpner i ny fane)

Oppdatert: 18.9.2026